Frisk Skyss - ikkje alle kan kalla seg det same som oss!

 

Danseorkesteret Frisk Skyss

 

nyhende - news - neuigkeit - nouveauté - nueva - síðasta nýtt

23.05.2010

No er det lagt ut bilete frå Frisk Skyss sine to siste spelejobbar, Granvin 17. mai og dansegalle i Askøyhallen 22. mai. Klikk deg inn på gallerisida.

13.04.2010

Frisk Skyss minner folk om å ta turen til Granvin for ein skikkeleg dansefest 17. mai. Det er viktig å få dansa av seg den gode maten frå tidlegare på dagen - dørene er opne frå kl. 21-01. Helga etter, 22. mai, er det dansegalla med Contrazt og Frisk Skyss i Askøyhallen, like ved kleppestø Ungdomskule. Billettar kan kjøpast på Billettservice.

28.02.2010

I Gallerimappa er det no lagt ut bilete frå då Frisk Skyss spelte i Granvin i går.

24.02.2010

No på laurdag spelar Frisk Skyss i Granvin, dørene er opne frå kl. 9-01. Då er det berre å ta på seg finskjorta og finna vegen til Trudvang! Det er fleire spelejobbar på gang framover, mellom anna skal me spela på dansegalla i Askøyhallen med Contrazt den 22. mai.

18.12.2009

Frisk Skyss hadde årets siste spelejobb i Fraktgodsen 3. joledag. Bilete finn du her. Frisk Skyss kan sjå attende på eit svært vellukka år. Det har vore mange spelejobbar (litt for mange i fylgje våre betre halvdelar) og heimesida vår www.friskskyss.no har dobla antal besøkjande frå 4000 i 2008 til 8000 i 2009. Me hadde eit svært bra 30-årsjubileum i november, og ut i frå det jubileet sprang ideen om å laga ein jubileums-CD. Dei næraste månadane vil Frisk Skyss arbeide med denne CD-en, der melodiar frå heile epoken vert med, samt fleire nyinnspelingar med dagens besetning. Frisk Skyss ynskjer alle eitt GODT NYTTÅR!

18.12.2009

No nærmar årets siste spelejobb seg for Frisk Skyss. Den 27.12 spelar me i Fraktgodsen på Voss når Kaotidl arrangerar årets joladans. Kom og dans!

05.11.2009

Bilete frå festen den 28.11 ligg no òg ute på Voss Swingklubb.si nettside: klikk her.

30.11.2009

Den 28.11 spelte spelte Frisk Skyss på Bømoen for Voss Swingklubb. Ein svært artig kveld med mykje dansing og dyktige dansarar. Bilete er lagt ut i Gallerimappa. Lenkje til swingklubben si side: Voss Swingklubb.

22.11.2009

I går spelte Frisk Skyss på Nesflaten i Suldal. Stor stemning og mykje folk resulterte i ein kjempehaustfest. Bilete er lagt ut i Gallerimappa.

18.11.2009

No er det lagt ut bilete frå Frisk Skyss sitt 30 årsjubileum i Gallerimappa.

18.11.2009

Les om Frisk Skyss sitt jubileum i Avisa Hordaland, klikk her.

15.11.2009

Ein stor TAKK til alle de som var med på Frisk Skyss sitt 30-årsjubileum og gjorde kvelden til ein kjempesuksess! Bilete, video med meir vert lagt ut om ikkje lenge!

18.10.2009

No er det lagt inn bilete frå Frisk Skyss sine siste spelejobbar i Sandnes og Bergen, sjå Gallerimappa.

08.10.2009

Info om overnatting til Frisk Skyss sitt 30-årsjubileum 14. november: 990,- for eit dobbeltrom inklusiv frukost på Vossestølen hotel, og kort køyring frå Sambygg: kart.

08.10.2009

Frisk Skyss spelar variert musikk, mellom anna gammaldans:



Fleire videoar av Frisk Skyss på You Tube og under Sjå og Høyr mappa vår.

04.10.2009

No er Frisk Skyss lagt inn som ei av gruppene hjå ein nettradio som spelar country og danseband 24-7. Sjå heimesida deira: dansebandkongen.com.

01.10.2009

I desse dagar er invitasjonar sendt ut for deltaking på Frisk Skyss sitt 30-årsjubileum den 14. november. Mange har på raude rappen svart at dei kjem! Det har òg vorte spørsmål om overnatting, tilbod frå lokale hotell/motel kjem.

27.09.2009

No er nye spelejobbar for Frisk Skyss lagt inn på speleplanen.

06.09.2009

I går spelte Frisk Skyss på Geilo. Bilete finn du her.

27.08.2009

Den 25.og 26. september skal Frisk Skyss spela i Sandnes for Norsk Caravan Club, avdeling Rogaland. Lenkje til arrangementet finn du her. Men før me kjem så langt skal Frisk Skyss spela på Geilo den 5. september.

09.08.2009

No er det lagt ut bilete frå utedansen i Ål Folkepark. Denne parken er ein glimrande arena for å arrangera store utedansar som i går.

05.08.2009

No kan du lesa førehandsomtale til utedansen i Ål Folkepark på laurdag i Hallingdølen. På folkeparken sine eigne sider står dette om arrangementet.

26.07.2009

Frisk skyss stepper inn for Hellbillies :-]. Den 8. august vert det stor utedans i Ål Folkepark. Er du innanfor skothald til denne dansen må du få med deg dette. Frisk Skyss spelar saman med Uflax og Tælahiv. Sjå oppdatert speleliste.

24.07.2009

Frisk skyss er midt inne i ein lengre ferieaviklingsperiode. Då kan det passa å visa til nokre nye innslag på JuTjub med Frisk Skyss. Ei teknisk nyvinning, biletevideo, kan du sjå gjennom to låtar frå dansefestivalen på Løno: 1 og 2. Under ser du Kiss an angel good morning frå Voss Idrettshall, mars 2009:
 

23.06.2009 No er det lagt inn bilete frå dansefestivalen på Løno den 19. og 20. juni. Klikk deg inn på Gallerisidene til Frisk Skyss.
17.06.2009 No til helga, den 19. og 20. er det dansefestival på Løno, Voss. Frisk Skyss skal spela både fredagen og laurdagen saman med mellom anna Kruttrøyk og Furulunds. Nytt høve til dans og moro, sjå nærare informasjon her.
07.06.2009 No er Frisk Skyss sin speleplan oppdatert. Nye jobbar er i emning, og desse vert lagt inn på planen når dei er endeleg avtala.
07.06.2009 Den 6.6 spelte Frisk Skyss på Geilo. Trass i ein noko unødvendig tur oppom Borgund kom me heilskinna til Geilo. Der vart det sett ny "publikumsrekord"! Det var tett på golvet heile kvelden. Bilete er lagt inn i Galleriet.
27.05.2009 I går spelte Frisk Skyss på Voss Swingklubb sin årsfest/grillfest. Det var ein svært triveleg kveld med god stemning og mykje god dansing. Frisk Skyss anbefalar danseglade å melda seg inn i Swingklubben. Sjå bilete i Gallerimappa vår. Swingklubben sine bilete ligg her.

24.05.2009

Fredag 19 juni og laurdag 20. juni spelar Frisk Skyss på Dansefestival ved Smalahovetunet, Løno, sjå facebookgruppe. Les meir på denne plakaten for festivalen, og her er lenkje til Smalahovetunet.

12.05.2009

Laurdag den 9. mai spelte Frisk Skyss på Vesten Pub på Raufoss. Dette er eitt nytt område for orkesteret. Kanskje det var grunnen til at det hadde vore plass til fleire gjester? Men du verden for ein stemning det var på dei som kom. Det vart dansa, sunge og spelt lufttrommer heile kvelden. Sjå bilete. Vesten Pub på Nettby.

10.04.2009

No er det lagt ut fire videoar av Frisk Skyss sin dansemusikk under Sjå og høyr-mappa. Det er òg musikkvideoar av Frisk Skyss på You Tube.

22.03.2009

Ny video av Frisk Skyss sin dansemusikk er lagt ut under Sjå og høyr-mappa. Denne videoen kan du òg sjå på You Tube:


17.03.2009

Frisk Skyss og Furulunds spelte dansemusikk til 500 danseglade i Voss Idrettshall den 14.3. Bilete er no lagt ut på Galleriet! Takk til arrangøren Vossevangen Dansegallaklubb for eit ypparleg arrangement.

07.03.2009

Frisk Skyss har endeleg fått ordna seg med bakteppe til å ha på scena. Prosessen vart dokumentert med bilete: Sjå Galleriet!

16.02.2009 No er det lagt ut fleire videosnuttar av Frisk Skyss si speling i Fraktgodsen den 27.12.08. Klikk her.
09.02.2009 Den 7. februar spelte Frisk Skyss på Kyte. Der var det vinterball, og gjestene kunne gleda seg både over nytt dansegolv, samt sprett nye gardiner. Og viss ikkje det var for dyrt å hyra Frisk Skyss til å spela, så ville dei få råd til å beisa Grimshalli til sommaren! Bilete kan du sjå her.
04.02.2009 LIVE opptak av Frisk Skyss frå Fraktgodsen, Voss, den 27.12.08 er no lagt ut under 'høyr oss". Takk til Arne Johan Dregelid for filmopptaka.
17.01.2009 No har det skjedd. Til Frisk Skyss si øving denne laurdagen i midten av januar 2009 stilte Knut Magne med ny kuba. Det synlege beviset kan du sjå her: bilete.
11.01.2009 No har Frisk Skyss lagt ut ein del spelejobbar for 2009. Klikk på denne lenkja: Speleliste 2009 for å sjå kva datoar som må setjast av.
10.01.2009 Den 19. og 20. juni arrangerer Smalahovetunet dansefestival. Frisk Skyss skal spela begge kveldar på dette arrangementet. Sett av datoane!
30.12.2008 Den 27.12 spelte Frisk Skyss i Fraktgodsen på Voss. Då var det Kaotidl som arrangerte dans. Folk kom tidleg, dei var mange, dei var muntre og dei var danseglade! Bilete kan du sjå her
20.12.2008

 Frisk Skyss ynskjer alle arrangørar og danseglade god jol og godt nytttår! Og etter anonyme henvendelsar så ynskjer me sjølvsagt god jol og godt nyttår også til alle dei som ikkje likar særleg godt å dansa men som føretrekk å berre høyra på musikken!

15.12.2008 Frisk Skyss minner om joladansen i Fraktgodsen på Voss 3. joledag! Dette er eit perfekt høve til å trimma av seg eventuelle utskeielsar elles i jola.
14.12.2008 Når me i Frisk Skyss får litt meir fritid skal me leggja ut speleliste for 2009.
13.12.2008 Den 14. mars neste år skal Frisk Skyss spela på ein dansegalla i Voss Idrettshall saman med Furulunds. Arrangør er Vossevangen Dansegallaklubb.
05.12.2008 Frisk Skyss skal spela på Nyttårsball på Kyte den 7. februar. Då er det berre å ta fram finstasen og danseskoa.
23.11.2008 I går den 22.11 spelte Frisk Skyss i Suldal. Klikk på datoen så vil du få sjå bilete frå denne artige haustdansen. Eit anna alternativ til å visa bilete ser du her.
28.09.2008 I går spelte Frisk Skyss på ein dansegalla i Voss Idrettshall saman med Wannabees og Jenny Jensen & Septimus. Klikk på datoen for å sjå bilete frå dette arrangementet.
05.09.2008 Her vil me i Frisk Skyss leggja inn diverse nyhende for orkesteret vårt.

 

 

 

Det er ikkje det verste eg har høyrt. Eg har vore til byd'n fleire gonger og høyrt dårlegare musikk.
Nøktern Vossing

 

Inni heiane! Eg e helt månebedåtten! Musikken dokkas e kanon!
Berusa Bergensar
Nøgle ko de spela då kara!
Hås Halling

 

 

Komande spelejobbar

17. mai - Granvin
Dansefest, Trudvang

22. mai - Askøy
Dansegalla, Askøyhallen 

Booking
E-post: leiv-her@online.no
Mob: 46 92 80 59
Tlf: 56 52 26 51


Har Frisk Skyss spelt nær deg? Sjekk her:

Aga, Arendal, Arna, Aurland
Bergen, Bergsdalen, Bjørgum, Bordalen, Bulken, Bømlo, Bøverdalen
Dale, Drammen
Eidfjord, Eikelandsosen, Eksingedalen, Etne, Evanger
Fagernes, Finnskogen, Fossli, Fresvik, Froland, Fykse, Førde, Fåberg
Gaupne, Geilo, Gol, Granvin, Grimo, Gudvangen 
Haugesund, Haugsvik, Hauso, Herand, Husnes, Hønefoss
Istadmyrane

Jondal, Jostedalen
Kyte, Knarvik, Kinsarvik, Krødern
Lillehammer, Lofthus, Lærdal, Løfallstrand, Løno
Modalen, Myrkdalen,

Odda, Oppheim, Os, Otta

Raufoss, Raundalen, Ringøy, Rosendal, Røldal, Samnanger, Sandnes, Sauda, Sekse, Skarnes, Skulestadmo, Skrautvoll, Stalheim, Stavanger, Strandebarm, Stryn, Suldal, Sundve
Tysnes, Tysse, Tørvikbygd
Ullensvang, Ulvik, Ustaoset, Utne
Varaldsøy, Vats, Vik, Vikebygd, Vines, Vinje, Vinstra, Voss, Vossestrand, Votndalen, Vågå
Ølen, Øystese
Ål, Ålvik

 

 

 

 

 

 

 

 

Vevskuldig:
Rune
rune.herheim@psych.uib.no