Frisk Skyss - gjer Noreg gladare!

 

Danseorkesteret Frisk Skyss

Om orkesteret

Dansemusikk - Danseband - Country - Gammel og ny pop - Gammeldans - Dansemusikk

Frisk Skyss er vetaranar innan dansemusikken, med meir enn 25 år på vegen. Leiv Johan Herheim (toradar, song) er sjåfør, og han har med seg Rune Herheim (trekkspel, song), Inge Draugsvoll (gitar/song/synth.) og Knut Magne Oppheimsvangen (bass/song).

Svært variert dansemusikk er Frisk Skyss sitt varemerke, der alt frå country, gamalpop, danseband, gamaldans osv. inviterer til swing, tango, polka med meir. Dette slår godt an på dansar rundt om på Vestlandet, Hallingdalen, Valdres osv. Gruppa har fleire radio- og fjernsynsopptredenar bak seg, i tillegg til CD- (og kassett!) produksjonar.

 

Leiv Johan spelar toradar og har basstemma. Han er òg den (einaste) som tenkjer på fart når me spelar gamaldans. Han var med og stifta orkesteret i 1979 i lag med Jarle Grande. I tillegg kjenner han utruleg mange folk - eller omvendt... Alt dette gjer han til bookingansvarleg og kapellmeister. Elles er han traktorseljar. Er det noko du treng, alt i frå ei skrua til ein traktor, brukt eller nytt, er det berre å ta kontakt med Leiv'en.
E-post: leiv-her@online.no

Rune spelar trekkspel og toradar, og har tenorstemma (trur han). Han syter for arrangering av gamaldansmelodiane, og prøver å dra nokre riff på trekkspelet på swingmelodiar. I det daglege liv har Rune dei komande fire åra permisjon frå jobben med å læra lærarstudentar ved Høgskulen i Bergen korleis dei skal læra elevar matematikk. No tek han doktorgrad ved Universitetet i Bergen i pedagogikk/matematikkdidaktik. Difor trur han at han har høg intelligent. Rune dreg òg ned gjennomsnittsalderen i gruppa.
E-post: rune.herheim@math.uib.no
Heimeside: www.hib.no/ansatte/rher

Inge er vokalist, spelar gitar på gamaldansen, el-gitar på songmelodiar og han er ein kløppar til å arrangera songmelodiane med trommer og synth. Det er kun i månaden august at Inge går utan stilongs - dette er for å beskytta klangen i stemma. Til dagen arbeider Inge ved Logolink, der han syslar med ... det er me faktisk ikkje heilt sikre på. Det er noko med data... reklamedesign osv. Ein ting er sikkert - det tek mykje tid.
E-post: inge@logolink.no

Knut Magne korar og spelar bass når me dreg opp til dans, men seinare utpå natta spelar han toradar. Det er ein grunn til at ei slik fordeling ofte vert vald... Når Knutemann ikkje spelar til dans, arbeider han med gull og sølv. Me trur at han ikkje har flexitid på jobben sin lenger, for no treng me ikkje venta på Knut'n verken til spelejobbar eller øving lenger. Elles er han Knut kjend frå P4, enten var det lyden av Noreg eller så var det Jakkpått, der han briljerte seg til ny flatskjerms-tv med meir. I tillegg er han forbanna på politikken som vert utøvd her til lands, særleg når det gjeld vegutbygging og offentleg kommunikasjon.
E-post: knutema@online.no



 

NY CD!

Jubileums-CD: 150,-
Eit "must" for alle gamaldansinteresserte!

Booking
E-post: leiv-her@online.no
Mob: 46 92 80 59
Tlf: 56 52 26 51


Har Frisk Skyss spelt nær deg? Sjekk her:

Aga, Arendal, Arna, Aurland
Bergen, Bergsdalen, Bjørgum, Bordalen, Bulken, Bømlo, Bøverdalen
Dale, Drammen
Eidfjord, Eikelandsosen, Eksingedalen, Etne, Evanger
Fagernes, Finnskogen, Fossli, Fresvik, Froland, Fykse, Førde, Fåberg
Gaupne, Geilo, Gol, Granvin, Grimo, Gudvangen 
Haugesund, Haugsvik, Hauso, Herand, Husnes, Hønefoss
Istadmyrane

Jondal, Jostedalen
Kyte, Knarvik, Kinsarvik, Krødern
Lillehammer, Lofthus, Lærdal, Løfallstrand, Løno
Modalen, Myrkdalen,

Odda, Oppheim, Os, Otta

Raundalen, Ringøy, Rosendal, Røldal, Samnanger, Sandnes, Sauda, Sekse, Skarnes, Skulestadmo, Skrautvoll, Stalheim, Stavanger, Strandebarm, Stryn, Suldal, Sundve
Tysnes, Tysse, Tørvikbygd
Ullensvang, Ulvik, Ustaoset, Utne
Varaldsøy, Vats, Vik, Vikebygd, Vines, Vinje, Vinstra, Voss, Vossestrand, Votndalen, Vågå
Ølen, Øystese
Ål, Ålvik

 

 

 

 

 

 

 

 

Vevskuldig:
Rune
rune.herheim@psych.uib.no